Feeds:
Innlegg
Kommentarer

20130908-112357.jpg

Røysta di er med på å forme framtida. Det er dét valet 9. september handlar om. For SV er solidaritet erkjenninga av at einskildmennesket er friare og tryggare i fellesskap, enn i konkurranse med kvarandre. Solidaritet er å setje miljø og rettferd først. Miljø, fordi kampen mot klimaendringane er det viktigaste spørsmålet i vår tid. Stoppar vi ikkje den globale oppvarminga, sviktar vi våre barn og barnebarn. Rettferd, fordi det gode samfunnet er eit samfunn med små forskjellar, derr både goda og makta er jamt fordelt.

Med eit slagkraftig SV vinn vi kampen om Lofoten, Vesterålen og Senja nok ein gong. Å gjere Noreg mindre avhengig av olja er heilt naudsynt. Vi vil at Noreg skal vere velferdsstat, kunnskapsnasjon, industriland og lågutslippssamfunn. Skal vi få til dét, må vi omstille oss. Vi må ha dei mest kompetente arbeidarane og fagfolka, den smartaste teknologien og den mest vidsynte forskinga.

Med eit slagkraftig SV skaper vi eit Noreg der forskjellane held fram med å gå ned. Å velje sterkare fellesskap framfor konkurranse og privatisering er eit verdival. Vi vil ha eit samfunn der dei største pengane blir investert i dei yngste menneska, med betre barnehagar og fleire lærarar i skulen. Vi vil skattleggje finansnæringa hardare for å auke kvaliteten i eldreomsorga. Vi vil ha meir likestilling, med rett til heiltid for kvinnene som gjer mange av dei tyngste og viktigaste jobbane i vårt samfunn.

Med eit slagkraftig SV sørgjer vi for at Noreg ikkje blir seg sjølv nok. Vår røyst i norsk politikk er ei røyst for fred og mot norsk deltaking i krig i Syria. Det er ei røyst for asylbarna. Det er ikkje rettferdig at barn skal bli straffa for handlingane til foreldra sine. Det er ikkje rettferdig å kaste ut barn som har blitt norske. Den strenge norske asylpolitikken er ikkje rettferdig.

Stortingsval handlar om korleis vi skal forme framtida. Dersom du meiner at miljø og rettferd skal liggje til grunn for vala vi tar, vel du SV 9. september. Godt val!

Reklamer

Norge slår Sveits på hjemmebane. Men Sveits slår Norge på jernbane.

Hallgeir H. Langeland (SV)
Stortingsrepresentant

10. september møter Norge Sveits i VM-kamp på Ullevål. Vi kan slå Sveits på fotballbanen, men på jernbanen slår Sveits oss ned i støvlene. I en VM-kamp i jernbane vil Sveits vinne 4-1 mot Norge. Minst. De er best i verden. En sveitser kjører 250 mil med tog i året. Det er fire ganger så mye som Ola og Kari. Sveitserne er ikke kjent som politisk radikale. Men i jernbanepolitikken er de revolusjonære. Røde og grønne revolusjonære. De går motstrøms i Europa. De bryter med alle forestillinger i Brüssel og her hjemme i Høyre, Venstre og Frp – om at privatisering og konkurranse vil skape den beste jernbanen.

De sveitsiske statsbanene (SBB) eier og bygger toglinjene, persontrafikken er ikke konkurranseutsatt og vedlikeholdet ikke privatisert. «Konkurranse kan ikke være et mål i seg selv», sier SBBs toppsjef Andreas Meyer som svar på EUs jernbanedirektiv, som vil pålegge Europa oppsplitting av jernbanen og anbud i togtrafikken. Sveits har oppnådd forbløffende resultater gjennom å samle jernbanen i stedet for å privatisere.

I Sveits er togene i rute, det sies at man kan stille klokka etter toget. Og folk flest parkerer bilen og tar toget når de skal på jobb eller på fotballkamp i byen. Togene går så ofte, og korresponderer så godt med hverandre – eller med busstilbudet, at sveitserne kan kaste rutetabellen.

Sveits har fått på plass langsiktig finansiering – der det kreves inn store inntekter fra lastebiler og bensinavgifter i tillegg til store offentlige tilskudd i fireårige avtaler. Milliardene samlet i et stort investeringsfond, der inntektene strømmer inn hele tida. Sveitsisk jernbane slipper å basere seg på årlige budsjettbevilgninger. De kan løfte blikket og bygge dobbeltspor i høyt tempo for framtida. I Norge er derimot langsiktig finansiering forbeholdt de minst miljøvennlige transportformene, veier og flyplasser. Toget må vente på de årlige budsjetter og diskrimineres. I Sveits diskrimineres vei.

Kort fortalt er Sveits min togdrøm. Sveitsisk jernbane vekker min revolusjonære glød.I 2005 overtok vi et konkursbo av en jernbane. Forsømt og mishandlet av skiftende regjeringer gjennom mange år. Vi har fått tredoblet jernbaneinvesteringenes andel av statsbudsjettet gjennom tøffe kamper og prioriteringer. Nå må vi løfte norsk jernbane til nye høyder. Med en rød og grønn togrevolusjon. Derfor er jeg glad for å ha fått SV med på en politisk togreise til Sveits. Med en offensiv jernbaneplan for fjellandet i nord, inspirert av alpelandet i sør.

SVs mål er enkelt: Norge skal bli like god på tog som Sveits. Og så skal vi slå Sveits 4-1 i VM-kampen 10. september.

Hallgeir H. Langeland (SV) [17:50:50] (ordfører for saken): Det går bra med NSB for tida. Så bra at det er fullt på toget og trongt om plassane mange stader i landet.

Komiteen er òg i det store og heile positiv til NSB i meldinga og oppfattar på ulikt vis situasjonen som mykje betre enn tidlegare, da ein verkeleg har slitt med forseinkingar. Men framleis er det sjølvsagt forseinkingar. Sjølv reiste denne representanten optimistisk mot Halden på fredag ettermiddag, og plutseleg stoppa toget heilt opp, og det blei ståande ein time. Me blei rett nok godt informerte om kva dei prøvde å få til, men likevel stod toget bom still. Til slutt sa togleiaren at toget hadde «tatt kvelden». Da var det ikkje noko anna å gjera enn å forsøka å dra oss til ein stasjon, for å få eit nytt togsett eller ta eit anna tog.

NSB kjem til å ha sett ut 66 nye Flirt-tog i løpet av 2015, og ein samla komité er veldig opptatt av at det blir lagt til rette for nye investeringar frå NSB si side, slik at dei kan kjøpa enda fleire tog og dermed få kvaliteten for både dei reisande og standarden på togmateriellet opp på eit heilt anna nivå. Det gjev grunnlag for betre kundebehandling.

Slike investeringar ein har gjort no, gjeld ikkje berre for Austlandet. Me må òg sjå for oss at ein òg må få nye togsett – gjerne litt mindre, som bl.a. Rommetveit har snakka mykje om – til Vossabanen i 2016, Trønderbanen i 2017 og etter kvart til Jærbanen. Det klart at viss ein får noko nytt, trekk det til seg kundar.

Toget er viktig for klimaarbeidet som regjeringa held på med. Jo fleire bilar me får vekk frå vegane og meir bruk av toget, dess mindre forureining og klimagassutslepp får me. Klarar me òg å få fleire til å ta tog på langdistansereiser i staden for å fly, betyr det òg mykje for å redusera klimagassutsleppa. Derfor er nokon av oss veldig ivrige etter å få raske langdistansetog.

Det har vore eit prisverdig samarbeid mellom Ruter og NSB knytt opp mot Sørkorridoren når det gjeld å samarbeida om kollektivtilbodet i regionen. Slikt samarbeid bør det vera meir av. Den modellen ein har utvikla her, gjer at fleire blir gjeve moglegheita til å reisa kollektivt og flytta seg til andre byar. Det har manglaincentiv for å få til det, men no viser Ruter og NSB veg. Dette meiner ein samla komité.

Ein samla komité ønskjer òg at ein ser på om billetteringsystemet kan betrast, slik Ruter og NSB har fått til. Det må ikkje vera slik at ein ikkje kan bruka kollektivkortet for buss på toget eller motsett.

Sidan det var så mykje fryd og gammen, må me sjå om det er noko me er ueinige om, og det er det. Nokon parti – dvs. opposisjonen – vil eigentleg importera det fjerde jernbanedirektivet direkte. Det er ikkje heilt avklart kva det fjerde jernbanedirektivet blir til slutt, men det blir sannsynlegvis ei liberalisering, i form av at ein må driva med meir anbod og privatisering. Dei raud-grøne er veldig tydelege på at dei ønskjer å styra jernbanepolitikken sin sjølv og ikkje bli styrte av EU sin politikk. Når ein ser korleis EU fungerer i Sør-Europa, kan ein kanskje lura litt på kvifor andre ivrar slik for å få marknadsbaserte løysingar til Noreg.

Heilt til slutt: Ein samla komité er einig med saksordføraren og dei raud- grøne om at Sveits er eit føregangsland. Dei viser veg for andre. Sveits har statsbanedrift på persontransporten. Likevel vil høgresida importera anbod og privatisering, sjølv om ein kan sjå at toget faktisk går på tida i Sveits, og folk er fornøgde.

Hallgeir H. Langeland (SV) [10:01:19]: Det er kjekt å sjå bunadskledde folk i Stortinget. Når me kjem i bunad, er me jo i feststemning. Ein kan koma frå mange plassar i landet, eigentleg – kanskje er det frå Vik i Sogn, kanskje er det frå Stad skipstunnel, kanskje er det frå Ofotbanen i Narvik. Det kan vera frå mange plassar, for det er mykje å gleda seg over med den NTP-en me legg fram.

Noko av det som eg meiner me må få fram i denne debatten, er det som Framstegspartiet illustrerer med ansvarlegheita si når det gjeld global oppvarming – og oppvarming av norsk økonomi. Her ønskjer

Framstegspartiets transportfraksjon heilt tydeleg å distansera seg frå den ansvarlege linja som partiets nestleiar Solvik-Olsen forsøker å framstilla det som om Framstegspartiet har – som eit parti som er interessert i å gjera noko med klima, og som òg er interessert i å følgja handlingsregelen, som han uttalte til Dagens Næringsliv for ei tid sidan.
Der er ikkje transportfraksjonen til Framstegspartiet. Dei ønskjer å sitja på tribunen og ropa og ha rett, slik ein kan når ein sit på tribunen. Men dersom ein skal vera nede på banen og spela kampen, må ein visa vilje til det. Eg trur den eine tingen som gjer at ein kanskje kan seia at dei viser vilje til det, er at dei går inn for obligatorisk bombrikke. Då legg ein sjølvsagt opp til å vera med på eit landevegsrøveri i regjering. Om me skulle vera så uheldige at det blir ei blå-blå eller ei anna regjering enn den raud-grøne, trur eg veljarane til

Framstegspartiet nå berre bør innsjå at når Framstegspartiet har gått for bombrikke, er det ikkje fordi dei synest det er kjekt å køyra rundt med ein dings framme i vindauget, men fordi dei skal bruka den dingsen til noko, nemleg å flå bilistane – slik SV og dei raud-grøne gjer, ifølgje deira eigen retorikk.

Me raud-grøne viser gjennom vår handlekraft og gjennomføringskraft at me faktisk gjennomfører dei planane som Stortinget vedtar. Det har me illustrert nå i åtte år. Me har gjennomført dette – me vedtar ein plan og gjennomfører han. Det har ikkje skjedd før. Andre parti som har sete med Nasjonal transportplan, har ikkje klart å følgja han opp, men den raud-grøne regjeringa har altså gjort det.

For oss er det ikkje sånn at marknaden skal styra kor me investerer. Den raud-grøne regjeringa meiner det er viktig å investera i både by og land, fordi me
meiner at det skal bu folk i heile Noreg.

Men når ein ser på merknadene til Framstegspartiet og delvis Høgre, er det tydeleg at ein skal vera strategisk og investera dei store pengane der det er flest folk. Den raud-grøne regjeringa ønskjer faktisk å sørgja for at det er busetjing over heile landet. Derfor satsar me mykje på vegvedlikehald og på rassikring. Vegvedlikehald er f.eks. kjempeviktig for sånne som meg, som køyrer motorsykkel. Dersom det er dårleg vegvedlikehald, kan det vera dødsfarleg.

Så er det sånn at dette er eit kompromiss mellom tre parti. Det betyr, som Hoksrud òg illustrerte i sitt svar til meg, at det er ein del ting i eit kompromiss som ein ikkje nødvendigvis hadde prioritert dersom ein hadde hatt 50 pst. av stemmene, som SV ikkje hadde – men 6,2 pst. – i desse forhandlingane.

Men det er jo òg nokre store prosjekt, f.eks. Stordalstunnelen og Haukelitunnelen – som SV ser på som miljøtunnelar fordi ein slepp å køyra langt ned og langt opp og bruka masse drivstoff – der me nå gir signal om at dette kan starta tidlegare. Så er det litt gode signal knytte opp mot f.eks. ein veg som er ofte stengt, nemleg vegen over Vikafjellet, der me nå set av 100 mill. kr til å starta planlegging.
Me raud-grøne bruker 508 mrd. kr i denne NTP-en. 220 av dei milliardane er til grøn transport. Det betyr at den profilen som SV har fått til gjennom forhandlingane og dette kompromisset, er veldig prega av gode satsingar på bl.a. jernbane, bymiljø og sykkel. I det heile aukar NTP-en med 55 pst., og jernbane, bymiljø og sykkel aukar med 76 pst. i denne NTP-en i forhold til den førre.

Det vil bli reduksjonar i klimagassutsleppet, noko som er veldig sentralt for SV – at me ikkje skal investera for mykje, som gjer at me aukar klimagassutsleppa. Me veit jo at byområda er der dei største utfordringane er. Derfor er det ei satsing på bymiljøavtalar, der byane kan konkurrera om å få pengar frå staten til ein meir klimavenleg transportpolitikk, der færre reiser med privatbil og fleire bruker tog, bybane, bussveg, kollektivtransport og sykkel. Det er eit viktig gjennomslag for oss.

Me skal bruka 92 mrd. kr på jernbane dei neste åra. Me skal byggja IC i to etappar – innan 2024 og 2030. Det har ikkje vore veldig mykje bråk om det, sjølv
om SV i utgangspunktet hadde ei anna prioritering; me hadde dette høgare opp og ville ha det raskare gjennomført. Det blei gjennomført, og det er det viktigaste.

Så rustar me opp Bergensbanen for 5,2 mrd. kr. Ringeriksbanen har nå fått ein profil som gjer at han kan planleggjast, og me kan få ein tidlegare oppstart, kanskje allereie i 2018. Det er jo ei gammal, sår sak for SV som blei forhandla fram på starten av 1990-talet. Mens Arbeidarpartiet fekk gjennomført sin vegtunnel, blei aldri SV sin togtunnel realisert – men nå kjem han. Det er me veldig stolte av i SV.

Så er det òg ein del strekningar som me går offensivt i gang med å planleggja. Det eine er Sandnes–Egersund. Me opna jo 14. desember i 2009 dobbeltspor Sandnes–Stavanger, og fekk ein formidabel auke i talet på reisande på toga. Nå er det på tide å gå vidare, lenger sør i fylket, ned til Egersund, der det er mykje fjell og mange moglegheiter til å byggja bustader. Får me realisert eit raskt tog til Egersund, som seinare går vidare til Kristiansand og Oslo, er det klart at det gir moglegheit for å verna meir matjord til matfatet på Nord-Jæren.

Ein annan ting som me fekk til i sluttfasen av forhandlingane om NTP, var ein genistrek, dvs. samankoplinga mellom Vestfoldbanen og Sørlandsbanen. Me var sjølvsagt veldig fornøgde med å ha fått moglegheit til å planleggja denne genistreken, som reduserer reisetida frå Rogaland til Oslo med inntil ein time.

Som sagt: Bilkøane veks, og i mange område er ein ikkje villig til å ta det skikkeleg alvorleg. Framstegspartiet gjer det motsett, for det er klart at når ein tar vekk bompengeringane – dersom ein får til det – blir det enda meir biltrafikk og enda større køar. Så der er Framstegspartiet partiet for meir bilkø og større tap for næringslivet ved å stå i kø. Men i mitt område, Nord-Jæren, har ordføraren og politikarane begynt å snakka om kva ein må gjera med omsyn til restriksjonar.

Det som det òg er viktig å nemna, er at SV gjerne vil ha samla både kyst og samferdsle i eitt departement. No har me jo statsråden her, så då får vi i alle fall snakka om nærskipstrafikken. Dei grepa som blei tatt for kystsektoren, er kjempeviktige med omsyn til å få meir transport på sjø. Alle politikarar seier at dei vil ha meir transport frå veg til sjø og bane. Me har jobba med den saka og gjort ein
del grep, så det skal ministeren ha honnør for. Men det er mykje meir å gjera akkurat der.

Heilt til slutt: Det er ein ting eg skal vera kritisk til når det gjeld den NPT-en me har – og det skal ein vera ifølgje Mao – og det gjeld finansiering av jernbane. Der er jernbanen diskriminert. Der bør me få til ei løysing som gjer at jernbanen kjem på like fot med dei andre. Det blir no investert 17 mrd. kr på Gardermoen, utan eit politisk vedtak. Når det gjeld jernbanen, må ein gå til Sigbjørn Johnsen kvart år og be om pengar.

Hallgeir H. Langeland (SV) [19:43:39] (ordførar for saka): Viss du sit inne i ein bil med godt klimaanlegg og god musikk – kanskje Bjøro Håland med «I Love Norwegian Country» – og trivst godt, så tenkjer du kanskje ikkje på dei som er på den andre sida, som beveger seg i eit bustadfelt, i ein barnehage, og som blir plaga av støyen som kjem frå den bilen som du trivst så godt i. Det er ganske mange – ca. 500 000 – som blir ramma av støy, og 78 pst. av desse blir ramma av trafikkstøy. Det betyr at det er viktig å gjera noko aktivt for å sørgja for at færre blir ramma av støy og luftforureining.

Me veit at på vinterstid, når der er dårleg luft, er det veldig mange av dei som har astma og allergi, som ikkje kan bevega seg ute. Av og til stengjer òg barnehagar i byområda på grunn av luftforureining frå trafikken. Då må me inn og sjå på om me kan gjera noko. Ein forsøkte å gjera noko med det som blei heitande miljøfartsgrenser, men det viste seg at dei ikkje var gode nok til å bli gjennomførte på ein skikkeleg måte. Me måtte derfor ha ein ny gjennomgang av dette. Eg ser den gamle samferdselsministeren er til stades, og dette var jo eit av hennar favorittord.
Den gjennomgangen har me no hatt, og no legg me altså fram eit lovforslag som skal gjera noko for dei som blir ramma av trafikkstøy og luftforureining. Det vil seia at me kan gjera det som me har sett at verkar. Viss farten er høg, blir det ofte meir støy og meir svevestøv, og me får meir luftforureining enn om me dempar farten.

Eg har sjølv vore på besøk i ein barnehage i Stavanger som heitte Barnas hus, der motorvegen ligg tett inntil. Når det regner, er det eit utroleg høgt støynivå for ungane som er ute og leiker. Dette er eit område – Saksamarka heiter det – som absolutt ville ha passa til ei sånn miljøfartsgrense. Det er viktig at me følgjer opp dette.

Så må me jo spørja kva Framstegspartiet tenkjer, som ikkje ønskjer å ta omsyn til astmatikarar og allergikarar og folk som blir plaga av støy, men berre skal auka farten, auka forureininga, auka støyen og dermed plagene til dei som blir ramma av dette. Det er då ein lurar på om representanten Hoksrud beveger seg nok rundt omkring, og det ville vore interessant i dag å høyra kva han – som er talsmann i denne saka òg, og som no har gått inn for bompengebrikke og sannsynlegvis må installera det sjølv – seier om dette at han og Framstegspartiet ser vekk frå alle dei gruppene som blir ramma av støy, ved at dei går imot å innføra desse miljøfartsgrensene som dei andre partia er for.

Då trur eg det var godt nok frå saksordføraren si side.

Den som står på utsiden av samfunnet har mindre å miste. Derfor forebygges terror best med saktevirkende tiltak – som trygge oppvekstsvilkår, god inkludering og et godt barnevern.

Hallgeir H. Langeland (SV)
Medlem av Kontroll- og konstitusjonskomiteen

En sommerdag i 2011 ble Norge brutalt stoppet opp. Et land i en tilstand av forvirring og sorg ble i dagene etterpå samlet av Statsministerens ord, da han sa at vi skulle møte hat med «mer åpenhet og mer demokrati». For mange ble disse ordene himmelen over det som skulle få oss gjennom etterdønningene etter grusomhetene, da Norge langsomt skulle startes på nytt.

Det finnes to måter å bekjempe terror på. Den ene er å slå hardt ned på de som planlegger eller utfører terror. Regjeringen jobber i disse dager med å gi sikkerhetspolitiet i Norge utvidede fullmakter for å overvåke, bekjempe og slå ned på terrorister, slik politiet har bedt om.

Jeg kan forstå statsministerens behov for å gi PST større muskler. Men vi må også tenke at det er mulig å forebygge terror, ikke bare slå enda hardere ned på den når den skjer. Budskapet om «mer åpenhet og mer demokrati» bærer nemlig i seg noen viktige verdier som ikke må glemmes, men som vi nå står i fare for å glemme; om at den beste terrorbekjempelsen er ikke å slå hardt tilbake, men å være på plass tidlig slik at terror ikke skjer i et hele tatt. Den beste beredskapen handler om å bekjempe selve grunnlaget for terrorhandlinger. Gjørv-kommisjonen var selv inne på det, selv om de med god grunn ikke undersøkte spørsmål knyttet til massemorderens motiv, oppvekst eller helsetilstand. Men, som kommisjonen selv har sagt: Avgrensningene betyr ikke at disse spørsmålene ikke er viktige – tvert imot.

En del av den bredere samfunnsberedskapen er å bidra til et mer inkluderende fellesskap. Fordi om man står på utsiden av samfunnet, uten sosiale nettverk, står mindre på spill. Å satse på trygge oppvekstsvilkår, god inkludering, et godt barnevern eller bedre psykiatri er også blant de tiltakene som gir et tryggere samfunn for oss alle.

Slike tiltak glemmes ofte når beredskap og ny terrorlov diskuteres. Dette er saktevirkende tiltak, som ikke ses på som like handlekraftige eller effektive som de som handler om politi eller etterretning. Det er feil. Det ikke å gjøre jobben med et godt psykisk helsevern er en like alvorlig ansvarsfraskrivelse som ikke å gjøre jobben med helikopterberedskap. Begge deler må med i vår brede forståelse av en nødvendig og god samfunnsberedskap.

Så har vi alle et ansvar for å bekjempe terrorens og voldens idégrunnlag. Det kan vi gjøre gjennom å ta til motmæle mot fordommer og ekstremisme, og det er et hverdagsarbeid som det er lett å glemme i denne diskusjonen. På den ene eller andre måten kan vi alle være del av beredskapen. Hver gang vi ikke bryr oss, tar til motmæle eller stiller kritiske spørsmål, svekkes vernet mot ekstremisme. Å stå opp mot høyreekstremismens ideer, å stå opp for minoriteters rettigheter og for mangfoldet i det norske samfunnet er også en del av vår felles beredskap.

Målstyringen gjør at kontrollindustrien vokser, på bekostning av kreativitet og ansvar. Stortinget har gitt klarsignal til nye tider.

Hallgeir H. Langeland (SV)
Stortingsrepresentant

Politiet styres etter 180 små og store mål. Norske sykehus rapporterer daglig på nærmere 280 forskjellige mål og indikatorer.

Vi er mange som er lei av denne målstyringen i offentlig sektor. Det er vi, av to årsaker.

For det første fordi den fører til at lærere, sykepleier, leger og politi bruker mer og mer tid på å skrive rapporter og fylle ut skjemaer – viktig tid som skulle vært brukt på folk. Dagen forsvinner i papirarbeid.

For det andre fordi målene gjør at man blir lurt i feil retning.

Ett eksempel:

Politiet i Norge har et mål om høy oppklaringsprosent. Oppklaringsprosenten er et mål som skal fortelle oss noe om hvor bra politi vi har i Norge. Oppklaringsprosenten høres jo i utgangspunktet ut som et fornuftig mål. Jo større andel saker som oppklares, jo bedre. Høy oppklaringsprosent er bra.

Men hvis du som politi står overfor valget mellom å etterforske en vanskelig sak (for eksempel en voldtektssak, en kriminalsak med ukjent gjerningsmann eller økonomisk kriminalitet), eller å arrestere noen for å pisse i parken, hva velger du, om oppklaringsprosenten er det viktigste? Den vanskelige saken? Eller den lette?

Du går sjølsagt ut og arresterer noen i parken. Systemet innbyr til å velge letteste vei. For hvem vil være den dusten som tar den vanskelige saken, og risikerer å sitte igjen med lavere oppklaringsprosent enn de andre distriktene? Som skal forklare den lave oppklaringsprosenten for Politidirektoratet? Kanskje risikere lavere bevilgninger året etter.

Men hva slags nasjon får vi, om systemet belønner de som velger letteste vei? Det blir en nullfeilskultur, hvor ingen tør å gjøre mer enn det de blir målt på, verken mer eller mindre. Og i andre enden står det en stadig voksende kontrollindustri klar til å sjekke om du har nådd målene dine, verken mer eller mindre enn målene.

Dette stagnerer oss som nasjon. Jeg vil ha en offentlig sektor som tør å ta ansvar, og som tør å gjøre en god jobb, som vurderer hver gang, og som tør å gjøre feil. Da må vi gi opp den rigide målstyringa som rir offentlig sektor i dag.

Derfor har SV fått med seg Ap og Sp på at den typen målstyring som har vært i staten de siste tiårene «… har blitt et hinder for at gode og kvalifiserte avgjørelser blir tatt av de som kjenner området best og et hinder for at etater kan lære av erfaringer og utvikle bedre tjenester. For nåværende og framtidige regjeringer bør det bli en overordnet oppgave å sørge for at de målene som utvikles for offentlige etater er få i tallet, at de er kvalitative, og at ansatte selv er med på å forme disse målene, innenfor rammen av overordnede politiske føringer og årlige budsjettrammer» (Stortinget 5. mars 2013).

Dette er et kraftig oppgjør med målstyring som styringsform. Her ligger nå det formelle grunnlaget for å konkretisere oppgjøret med målstyring.

Regjeringen har tatt hintet. Kristin Halvorsen fjerner nå 50 000 rapporteringer i skolen. Justisministeren og helseministeren sier de skal redusere antall mål hos politi og sykehus. Det er bra. Det er på tide.

Men jobben er ikke gjort med dette. Nå må tillitsvalgte og ledere i offentlig sektor ta opp hansken, og bli med og utvikle bedre måter å styre på, hvor offentlige tjenester utvikles, forbedres og styrkes gjennom ansattes kompetanse, gjennom bruk av forskning og nytt utstyr – og ikke gjennom noen superenkle mål som dreper ansvarsfølelse, tillit og kreativitet.