Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Oljepengar til toget

tog

HALLGEIR H. LANGELAND, transportpolitisk talsmann, SV

GRØN TRANSPORT.

Næringslivet vil ta toget, men kapasiteten er rett og slett sprengd. SV vil bruke meir oljepengar til å auke farten på jernbaneutbygginga.

Jernbane. Ei raudgrøn regjering må bruka meir svarte oljepengar på grøn jernbane, for å få vogntoga vekk frå vegane, redusera trafikkulykkene og for å få fart på det norske lyntoget.

Næringslivet vil ta toget, men mykje gods kjem ikkje fram i tide. I alt ni togselskap køyrer gods på dei norske linene, så dei borgarlege kan ikkje skulde på at det er for få private godstransportørar. Kapasiteten er rett og slett sprengd. Behova for å bygga ut jernbanen er enorme etter fleire tiår med forsømte investeringar og manglande vedlikehald. Jernbanen blei sveltefora under borgarleg styre med samferdselsminister frå Venstre og med Frp som støttehjul.

Nye toglinjer.

Regjeringa har allereie auka farten på togsatsinga. Den nye transportplanen set av 50 milliardar kroner til investeringar i nye toglinjer: Det er ei dobling samanlikna med gjeldande transportplan, og ei tredobling frå borgarleg nivå. SV i regjering vil vera ein garantist for å følgja opp planane med pengar i budsjetta, og SV vil arbeida for å overoppfylla planane slik regjeringa har gjort i denne perioden.

Sjølv med dei auka rammene i transportplanen vil det ta fleire tiår å byggja ut linjenettet kring våre største byar. Det hastar truleg aller mest å få auka kapasiteten for gods på sporet. Det føreset store investeringar i effektivisering av heile jernbanenettet. Transportplanen legg opp til å bygge om lag 45 lange kryssingsspor på det norske jernbanenettet. Desse spora gjer at langt fleire tog kan møtas utan ventetid. Vi vil og modernisera Alnabru-terminalen i Oslo, det nasjonale knutepunktet for gods på jernbanen, for over ein milliard kroner dei neste åra.

Cargonet som køyrer dei fleste godstoga, har fått berekna at ei slik storsatsing på gods på bane vil kunne fjerna 335000 vogntogturar frå vegane kvart år. Dette vil åleine redusera utsleppet av CO{-2} med 265000 tonn. Noko som svarar til dei samla utsleppa frå ein by som Stavanger, eller dei tre mjøsbyane til saman. I tillegg vil færre menneske bli drepne og hardt skadde i vegtrafikken.

Sjølv om vi doblar investeringane dei neste åra, så vil det ta for lang tid å bygge ut jernbanenettet. Derfor vil SV framskunde viktige investeringar, og vi vil ha synlege resultat raskt. Landsmøtet i SV har vedteke ei målsetjing om å gradvis trappe opp investeringane i nye linjer frå fem milliardar til ti milliardar kroner i året. Det vil seie til svensk nivå.

Nasjonal strategi.

Finansiering og gjennomføring av store jernbaneprosjekt, ei nasjonal strategi for gods på bane og bygging av høgfartslinjer krev langsiktig og føreseieleg satsing. Derfor vil SV også bruke meir oljepengar til å auke farten på jernbaneutbygginga dei neste åra. For å seie det enkelt så vil vi bruke svarte pengar til grøn omstilling.

Jernbanen er eit hundreårsprosjekt. Vi køyrer i dag rundt på linjer som blei bygd på 1800-talet. Slik er det og med dei toglinjer vi bygg ut de neste ti åra: Dei vil vi ha nytte av lenge – og dei vil være investeringar i ei karbonfri framtid.

Eit samrøystes landsmøte i SV gått inn for å gjere høgfartstoget til et norsk hundreårsprosjekt, slik det er i stadig fleire land kring oss. Røynsler frå mellom anna Spania, Frankrike og Japan syner at eit høgfartsnett tilpassa norske forhold vil gje store inntekter som både kan dekke driftskostnadene og nokre av investeringane. I klimatrugsmålets tid vil vi binde saman landsdelane med raske spor og komfortable tog: Det er eit framifrå klimatiltak. Det får ned trafikkulykkene. Det vil gje ein kraftig reduksjon av reisetidene mellom dei største byane i Noreg og Skandinavia. Det vil skape vekst i regionane som ligg langs linjene. Alle nye prosjekt som til dømes Oslo-Ski og dei store prosjekta på Vestfoldbanen, skal tilpassas framtidas lyntognett med fart på 250-300 km/t.

Trugsmålet om global oppvarming vil i stadig større grad krevja offensive klimaløysingar. Utsleppa frå vegtrafikk og luftfart veks framleis i eit høgt tempo.

Gods frå veg.

Det er naudsynt å mobilisera eit politisk fleirtal for ei endå kraftigare satsing på jernbanen enn transportplanen legg opp til. SV vil framskunda fleire utbyggingar og prosjekt for å få gods frå veg til bane, og vi vil ha grønt lyntog på sporet. Nett difor er det politisk klokt å anvende inntekter vi haustar frå klimaøydeleggjande oljeproduksjon som såkorn for framtidas grøne transportsystem.

Reklamer

4 kommentar

  1. Velkomen som bloggar! Gleder meg til å følge med.


  2. Velkommen Hallgeir! Det var jammenmeg på tide! 😀


  3. den mai 11, 2009 kl. 8:25 pm | Svar Snorre Skjevrak

    Vi burde satsa meir på jernbane, og sørgja for at vi utviklar norsk infrastruktur på ei miljøvennleg måte. Ein ser jo positive tendensar til dette i Nasjonal Transportplan, men dette er ikkje nok, og det kan nok også omdiskuteras kva den geopolitiske fordelinga angår. Mykje av satsinga innan transport og kommunikasjon i dag er i Oslo og områda rundt, mens det er satsa for lite på distrikta. Det er eit problem at ikkje togsatsinga i nasjonal transportplan blei gjort utan å ta omsyn til desentralisering og å appellera til at folk skal busetta seg i distrikta. Desentralisering og miljøvennleg infrastruktur er i aller høgaste grad mogleg å gjennomføre.


  4. den mai 19, 2009 kl. 12:42 pm | Svar aase w. stiansen

    Det er flott at det satses på tog..Men, bussene bør jo ikke forsvinne av den grunn.
    Eg e skikkeligt galen på at bussen blei tatt fra oss for noen år siden. I 26 år har me bodd på Sandnes. Her var det buss en gang i timen. Nå finnes den ikke. Det bygges stadig nye boligområder, alikevel, ingen buss. Dere i SV bør jo ta et tak her. Ingen blir yngre med åra. Her må folk gå altfor langt med sine innkjøp!.»Armane ligna på Julius sine.».Her var det buss i 25 år.Så forsvant den.4 busser pr., time til Sandve/Ganddal med 7 stopp fr Jærvei til Kiprå/Stangeland. Dette er ikke miljøvennligi det hele tatt. Folk her må jo ha bil!Dette e heilt på trynet!



Comments RSS

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: